Kulturprisen, Foto Ina Caroline Marteng
Kulturprisen, Foto Ina Caroline Marteng

ELIN ALVER FEKK KULTURPRISEN I ALVER 2021!


Kulturprisen gjekk til kunstnar og kunstlagsmedlem Elin Alver. Koronasituasjonen gjorde at utdelinga gjekk føre seg i trygge formar, heime på trappa til prisvinnaren. Prismottakaren fekk blomer, diplom og fotokunst signert fotograf Morten Sæle.


I grunngjevinga heiter det:

Kulturprisen 2021

Elin Alver er ein kunstnar som er unik i Alver kommune. Ho har arbeidd med kunst i ulike formar i heile sitt vaksne liv. Ho er utretteleg som nyskapar men og som ein som er levande oppteken av å bevare og kartleggje gamle handverkstradisjonar og teknikkar.

Elin har arbeidd med materialar mellom anna i ull og stein som ho sjølv finn på turar. Ho malar akvarell og er eksperimentell med alt ho skapar. I møte med historie har ho samla inn og kartlagd Åkle frå Nordhordland, og dette gjer ho no i eit bokprosjekt ho arbeider med. Mange av desse åkla ville gått tapt for alltid om ikkje Elin hadde hatt initiativ til å ha prosjekt om dette.

Elin er som nemnd på jakt etter nye uttrykk, men ofte er kunsten bygd på historie og ved bruk av vevnad og stein som ho har samla og garnet har ho farga. Interessa for å nytte ull har vore ei stor del av interessa i mange år. Og ull og stein er verkeleg del an Nordhordland si kultur og historie. Elin har hatt mange utstillingar i inn og utland, og har og vore plukke ut til å vere med i utsmykking av Helsehuset i Knarvik.
Elin Alver er ein personleg kunstnar med eige uttrykk. Engasjert og eksperimentell men og god kunnskap om handverk. Elin var ein av pådrivarane for å skipa Nordhordland kunstlag for 30 år sidan. Ei kunstnar som skapar, bevarer og vidareutviklar.